Nytt fjøs i Ulsteinvik

Sigve Rène Ulstein flytte mjølkekyrne inn i nytt fjøs sist i mai.

Nytt fjøs i Ulsteinvik
I fjøset er det temperaturstyrt naturleg ventilasjon med ekstra store veggventiler og utlufting i mønet.

Publisert:

Oppstart har gått fint – i ei tøff satsing med meir enn dobling av produksjon. Frå 8 mjølkekyr i eksisterande fjøs – til 20 liggebåser i lausdriftsfjøset. Fjøset er planlagd som rein mjølkekufjøs med velferdsavdeling/føde-/seleksjonbinge i fleksibel løysing med hjelp av heveport (som byggherre er særs godt nøgd med). Ungdyr og rekrutteringsgruppe skal oppalast i «gamlefjøset» med ny planløysing.

Ilag med byggherre har vi planlagt og levert ei løysing med nytt frittståande bygg som tilbygg/påkopling til eksisterande. Nybygg oppført med full gjødselkjeller, stålrammekonstruksjon med massivtrevegg og Møreroyal kledning (24 meter til Nordsjøen so her er kvalitet høgt prioritert). 80/120mm sandwichpanel som isolert tak med luftemøne. I fjøset er det temperaturstyrt naturleg ventilasjon med ekstra store veggventiler og utlufting i mønet. Eit fjøsbygg med særs godt klima!

Fjøssystemer Bygg har byggleiing i prosjektet. Leveranse av stålkonstruksjon med massivtreelement og Møreroyal bordkledning samt sandwich takpanel. Isomur har i samarbeid med Fjøssystemer utført betongarbeid. Fjøssystemer Nordvest har levert Jourdain innreiing, BD/Arntjen ventilasjon, Agrilight lyssopplegg, Suding spalt, Easyfix liggebåsmatter og Ikkje minst Lely mjølkerobot. Til dette prosjektet er det levert ein fulloverhala pent brukt Lely Astronaut A4 mjølkerobot.

Fjøssystemer tilbyr full serviceavtale på brukte Lely mjølkeroboter og dimed eit godt alternativ til mindre bruksutbygginger som denne.

Lykke til med drifta!

    Kontakt oss

    Benytt skjemaet for å gjøre en henvendelse relatert til denne siden, så blir du kontaktet innen kort tid. Klikk her for å se oversikt over kontaktpersoner